Høring av forslag om opning av områder for fornybar energi til havs, og forslag til forskrift til havenergilova.

Olje- og energidepartmentet har nå åpnet høring av forslag til åpning av områder for fornybar energiproduksjon til havs etter havenergiloven, og forslag til forskrift til havenergiloven.

Høringssvar skal sendes inn gjennom internettløsningen på regjeringen.no
Alle er velkomne til å gi innspel i høringen. Norwegian Offshore Wind Cluster kommer til å sende inn et høringssvar på vegne av klyngen. Den enkelte bedrift velger selv om de ønsker å gi innspill direkte, eller gir innspill til oss – som så samordner innspillene etter beste evne. Vi ber om at innspill til oss sendes innen 15. oktober 2019. Send innspill til fem@energyinnovation.no.

Den endelige høringsfristen er 1. november 2019.

Last ned HØRINGSNOTATET

Send inn HØRINGSINNSPILL

Gå til departementets side for denne høringen


Utdrag fra høringen:

“Departementet føreslår å opne områda Utsira Nord og Sandskallen-Sørøya Nord. I tillegg ønsker departementet innspel på området Sørlige Nordsjø II. I vurderinga har departementet lagt vekt på at det bør opnast område som gjer det muleg å fremje prosjekt med både flytande og botnfast teknologi. Departementet har også prioritert område som eignar seg for kommersielle prosjekt.

Utsira Nord

Området Utsira Nord ligg vest av Haugalandet, og strekker seg i retning nord-sør frå Bømlafjorden til Boknafjorden. Gjennomsnittsdjupna i området er 267 meter, og dette området eignar seg berre til flytande vindkraftteknologi. NVE har lagt til grunn at området i dag kan byggast ut med mellom 500 og 1500 MW, basert på ei vurdering av kor stor produksjon som kan knytast til kraftnettet på land i Noreg. Utbygging med dette omfanget vil krevje at ein tek i bruk mellom seks og 19 prosent av arealet. Med utviklinga i strømbruken på land og eventuell auka kapasitet i kraftnettet vil det vere muleg å sjå for seg meir enn 1500 MW vindkraft innanfor Utsira Nord.

Sandskallen-Sørøya Nord

Området Sandskallen-Sørøya Nord ligg i Barentshavet nordvest av Hammerfest. Gjennomsnittsdjupna i området er 89 meter, men variasjonen i djupna er slik at området kan eigne seg for både botnfast og flytande teknologi. I den strategiske konsekvensutgreiinga frå 2012 var dette området mellom dei fem NVE meinte burde opnast fyrst. NVE har lagt til grunn at området i dag kan byggast ut med mellom 100 og 300 MW, basert på ei vurdering av kor stor produksjon som kan knytast til kraftnettet på land. Ei utbygging med dette omfanget vil krevje at ein tek i bruk mellom fem og 15 prosent av arealet.

Sørlige Nordsjø II

Basert på den strategiske konsekvensutgreiinga og NVE si vurdering frå 2018, kan det sjå ut til at Sørlige Nordsjø I og Sørlige Nordsjø II har nokså like karakteristika og nokolunde dei same potensielle verknadane for miljø, næringsaktivitet og andre interesser. Det er kjende kulturminne i Sørlige Nordsjø II. Sørlige Nordsjø I har noko lågare potensial for konflikt med skipsfart og lågare miljørisiko enn Sørlige Nordsjø II. Sørlige Nordsjø II er det området som ligg nærast det europeiske kraftsystemet med tanke på muleg tilknyting til dette. Vidare er Sørlige Nordsjø II det klart største området, noko som gjev betre føresetnadar for tilpassing til andre interesser. Sørlige Nordsjø II er i dag i mindre grad dekka av tildelte utvinningsløyve etter petroleumslova enn Sørlige Nordsjø I. Gjennomsnittsdjupna i området er 60 meter, med ein variasjon mellom 53 og 70 meter. Området er med det eigna for botnfast teknologi. Det finst konsept for flytande vindkraft som gjer at området kan vere aktuelt også for denne teknologien. NVE har i den strategiske konsekvensutgreiinga lagt til grunn at området i dag kan byggast ut med mellom 1000 og 2000 MW, basert på ei vurdering av kor stor produksjon som kan knytast til kraftnettet på land i Noreg, men også med tanke på eksport av produksjonen. Utbygging med dette omfanget vil krevje at ein tek i bruk mellom seks og ti prosent av arealet. Departementet ønsker innspel på ei muleg opning av området Sørlige Nordsjø II.

Sign up for our newsletter and other information from Norwegian Offshore Wind Cluster

See previous newsletters

Join our mailing list

Stay updated on news and events


Privacy anc cookie policy





Follow us:

Arvid Nesse
Cluster Manager
mob. +47 97 59 73 84
arvid.nesse@offshore-wind.no

Frank Emil Moen
Communication Manager
mob. +47 91 59 17 14
fem@energyinnovation.no